Jordbruksoppgjeret

Kvifor er jordbruksoppgjeret viktig for deg?

Jordbruksoppgjeret fastsett dei økonomiske moglegheitene for bonden det kommande året, men det angår i høgste grad fleire enn bonden. Deg som et mat, for eksempel.

Jordbruksoppgjeret er den årlege forhandlinga mellom bondeorganisasjonane og staten om korleis overføringane til norsk landbruk skal fordelast. Målet med jordbruksoppgjeret er å inngå ein jordbruksavtale for det kommande året. Jordbruksavtalen skal sørge for at måla Stortinget til ei kvar tid har fastsett for norsk matproduksjon, skal bli oppfylt.

Jordbruksoppgjeret fastsett dei økonomiske moglegheitene for bonden det kommande året, men angår i høgste grad fleire enn bonden. Sånn som deg som et mat. Jordbruksavtalen bestemmer kva pris bonden skal få når ho eller han skal sel råvaren sin, kor store budsjettoverføringar som skal gå til jordbruket, og ikkje minst korleis vil skal fordele desse pengane.

I Noreg har vi eit mangfaldig landbruk, spreidd i alle landets fylke og nesten alle landets kommunar. Vi har ei rekke ulike produksjonar, vi har store og små gardar og vi har landbruk i alle klimasoner og landskap. Innafor jordbruksavtalen er det mange ulike støtteordningar tilpassa dette mangfaldet, og gjennom jordbruksoppgjeret blir partane einige om kva slags støtteordningar som skal prioriterast det kommande året og korleis vi skal få opp den norske matproduksjonen.

Støtt oss i jordbruksoppgjeret, så lover vi å gje deg deilig mat på bordet kvar dag, å halde kulturlandskapet i hevd, landsbygda levande, og over 90. 000 i arbeid.

Desse prioriteringane angår alle andre som bur i Noreg. For når vi prioriterer å gje økonomisk støtte til å produsere mat langt nord, høgt over havet, i smale fjordar og i små bygder, legg vi også grunnlaget for at det skal bo folk her, at arbeidsplassane skal bli oppretthalde og at landskapet ikkje gror igjen. Då bidrar jordruksoppgjeret til levande bygder. I dag er det berre ein kommune i Noreg som ikkje har landbruksarbeidsplassar. I resten av landets kommunar sysselsett matvareindustrien 90.000 menneske. Mange av desse arbeidsplassane er avhengig av at det er landbruk og bønder i heile Noreg.

Norges Bondelag jobbar for at vi skal ha landbruk i heile landet, at all matjord blir brukt til matproduksjon og at det skal gå an å leve av å produsere rein og trygg mat i Noreg også i framtida. Det er mange land som kan lage billigare mat enn Noreg, men få som kan lage betre. Norsk mat er den tryggaste og reinaste i verda. Vi har strenge regelverk for korleis dyra skal ha det. Vi har friske dyr og antibiotikabruken i norsk husdyrhald er den lågaste i Europa. Dersom vi skal greie å halde oppe denne gode kvaliteten, må bonden få betre økonomiske moglegheiter til å produsere mat der jorda og garden ligg.

Den regjeringa vi har i dag ønskjer å prioritere store gardsbruk i sentrale område for å få ein mest mogleg kostnadseffektiv matproduksjon. Det gir kanskje like mykje mat, men det gir ikkje like god mat. Og det gir ikkje samfunnet det same tilbake i form av arbeidsplassar og levande lokalsamfunn.

Støtt oss derfor i jordbruksoppgjeret, så lover vi å gje dykk deilig mat på bordet kvar dag, å halde kulturlandskapet i hevd, landsbygda levande, og over 90. 000 i arbeid. 

Jordbruksforhandlingane 2016:

  • Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag blir først einige om eit felles krav på vegne av landbruket. Dette kravet blir så overlevert regjeringa ved Landbruks- og matdepartementet måndag 25. april.
  • Tysdag 3. mai, om lag ei veke etter at kravet blir levert, kjem staten med sitt tilbod. Då går bondeorganisasjonane saman og går igjennom tilbodet og bestemmer seg for å gå vidare med forhandlingane eller ikkje.
  • Som regel vel partane å møtast til forhandlingar. Leiaren i Norges Bondelag leier forhandlingane på vegne av landbruket, departementsråden i Landbruks- og matdepartementet leier forhandlingane på vegne av staten. Jordbruksoppgjeret skal vere ferdig til 17. mai.
  • Det er Stortinget som formelt vedtar jordbruksavtalen. Dette skjer i juni.